Fjellpitch 2023 - ein dag full av gode idear og inspirasjon!

Torsdag 23 februar gjekk årets Fjellpitch av stabelen på campus Sogndal, rett ved FUS. Dagen blei innleia av Tore Frimanslund, ein av gründerane bak SGN, der han fortalte om deira reisa til det som i dag er eit godt etablert skimerke i marknaden. Han formidla viktigheita av å tora å kaste seg ut i det ukjende som gründer, eit bodskap som blei teke godt i mot av pitchedeltakarane som skulle presentere idèen sin for publikum. Denne oppfordringa blei fulgt opp av Kjetil Russenes, gründeren av Sognefjord Kaffibrenneri, som ba gründerane i salen om å “hoppe i det”.

Etter inspirasjonsføredragane frå dei erfarne gründerane, var det tid for å sleppe til nye idèar. Totalt 6 ulike gründerbedrifter tok sats og presenterte idèane sine - alle til stor inspirasjon for dei frammøte. Det var eit godt mangfold av idear som blei presentert, alt i frå nytt gjenbrukstilbod i Fjøra og ein forenkla plattform for å finne vikarar, til leirskule i Hodlekve, kunstkollektiv for dei kreative og eit forenkla system for CE-merking og sertifisering. Juryen hadde ikkje noko lett val med å bestemme seg for kven som skulle stikke av med den gjeve premien, og måtte difor ta ein ekstra runde med det dei rangerte som topp 3. Av dei 3 var det Me Syr, ein forretningsidè om å gjere det enklare og meir tilgjengeleg å reparere kle både for privatperson og industri, som gjekk av med sigeren!

Vi takkar alle pitchedeltakarane for at dei tok oppfordringa til innleiarane på alvor og hoppa i det, og gler oss til å følgje dei alle vidare i utviklinga av idèane!

Karoline Myklebust