Bli kjend med FUSarane: Camilla Tandrevold Hermanrud



Camilla tek ein mastergrad innan industriell design, retning interakjonsdesign på NTNU i Trondheim men ynskja å flytte til Sogndal. Ho er med på eit prøveprosjekt på Fus for å teste korleis det er å bruke lokala våre til å skrive master remote. Me tok ein prat med Camilla for å høyre kva erfaringar ho har med å vere Fusar.

Kven du?

Eg er ei 27 år gammal jente som er fødd og oppvaksen i Asker. Som veldig mange andre her i Sogndal så er eg veldig glad i å vere ute med aktivitetar som sykling, klatring, ski osb.

Er og ein stor fan av pannekaker på primus, sjølv om dei som oftast vert brent.

Kva jobbar du med?

Eg skriv om korleis gruppedynamikk påverkar besluttningar folk tek i skredterreng. Og så må eg berre prøve å finne ein måte å rette dette inn mot design også.

Kvifor Sogndal?

Mest impulsivt. Eg hadde lyst til å skrive masteren ein anna stad enn Trondheim. Gjennom pågang frå vener som bur i Sogndal og nokre tilfeldigheiter så enda eg her. Noko eg er veldig nøgd med.

Korleis fant du oss?

Eg Møtte Almar som eg kjenner frå Trondheim på klatresenteret i Oslo, han fortalte at han skulle sitte på fus i Sogndal. Derfor googla eg det og tok kontakt.

Kva fordelar ser du med å sitje på fus og ikkje heime

Mange! Det å komme seg ut av huset først og fremst. Det å sitje saman med folk som jobbar gir meg gode arbeidsrutiner. I tillegg er det veldig sosialt og eg har møtt på mange morsamme interresante menneskjer.                                                                                                

Og heilt til sist, kva betyr Fus

Det anar eg ikkje!