Bli kjend med Fusarane: Rune Kvalø i Aktuat AS

Rune er ein Nordlending, som i fjor flytta frå Østlandet til Vestlandet. Han fortel at ynskje om å til busetje seg i Sogndal kjem frå moglegheitane staden byd på, med fjell, fjord, snø og sykkelstigar.

“Det skader heller ikkje at bygda er i vekst og har haugevis med tilflyttere frå heile Norge.” - Rune Kvalø


Kven er du?

Eg er ein 33 år gamal nordlending som liker ski, sykkel og osteflutes fra fodnesferga.

Kva jobbar du med?

Eg jobbar i mitt eget firma, Aktuat AS, som teknisk prosjektledar og ITB-rådgiver/ansvarlig i byggjebransjen. ITB står for “integrerte tekniske bygninginstallasjonar”.

Korleis fant du oss?

Eg høyrde om FUS frå bekjende lenge før jeg flytta til Sogndal.

Kvifor ynskjer du å sitje på FUS framfor å ha heimekontor?

For meg med eige firma basert på fjernoppdrag, er eg heilt avhengig av FUS for å få eit sosialt arbeidsmiljø. I tillegg har FUS har eit veldig bra miljø, med folk frå alle mulige bransjar, så man slipper unna fagprat i lunsjen.

Veit du kva FUS betyr?

FUS er det same som “dibs”. Eg har ikkje juksa og lest svaret til andre, eg lovar!