Bli kjend med Fusarane: Farida Geithus, juridisk rådgjevar i Sogndal Kommune

- Her på FUS kjem eg tett på mange som jobbar innan ulike felt og bransjar.

Kven er du?

Eg er ordentleg sogning. Oppvaksen i Vik, men måtte som mange andre ut av bygda for å studere. Tok difor turen til Bergen for å studere juss, men skjønte raskt at eg ville tilbake til Sogn, fortel Farida.

Då valet på kvar ho skulle slå seg ned måtte takast, var Sogndal ein attraktiv plass. Dei var ute etter hus og forelska seg i det gamle byggefeltet på Kaupanger. Dei hadde flaks, og eit hus kom på marknaden.

Kva er det beste Kaupanger har å tilby, tenker du?

Klisjé å sei natur, men natur. Eg har budd i Sogndal og der er det fint, men her er alt ekstremt tilgjengeleg. Alt er nærme, du kan gå til alt og vi har flotte naturtilbod rett utanfor døra.

Kvifor ynskjer du å sitje på FUS framfor å ha heimekontor?

Det er godt å komme seg ut av huset. Spanande å treffe ulike folk, og eg synes det er kjekt å snakke om kva kommunen held på med til dei eg møter. Dette er ein god strategi for å få innspel frå andre, feedback er alltid positivt! Det opnar også for dialog med andre aktørar om kva kommunen styrer med, og korleis det verkar på andre. Kommunen sitt ofte litt innestengt på eigne kontor, men her på FUS kjem eg tett på mange som jobbar innan ulike felt og bransjar. Eg har fått tips her som eg tek vidare på jobb.

Kontorfellesskap er kanskje noko ein tenkjer finst i byar og større plassar. Kva tenkjer du om at det finst eit slikt tilbod på ein liten plass som Kaupanger, og kva fordelar ser du at dette kan gi næringslivet og dei som bur her?

Veldig viktig at det er eit tilgjengeleg tilbod. Dersom det ikkje er eit tilbod så vil det heller ikkje skje noko. Møteromma er ofte i bruk av lokale verksemder, det er blitt eit møtepunkt for alle.

Vil du anbefale FUS på ViteMeir til andre?

Ja, det vil eg! Eg vil anbefale å komme seg ut av heimen, på den måten kan ein få et godt skille mellom heim og jobb. Ein har mindre distraksjonar og meir variasjon. Eg brukar både kontoret til kommunen på Leikanger, FUS Kaupanger og heime. Det er ein enkel måte for arbeidsgivarar å vedlikehalde arbeidsmiljølova og likevel tilby ein fleksibel arbeidsplass.

Nyttar du dei andre lokasjonane i Sogn?

Ja, eg har prøvd FUS på Campus i Sogndal. På Campus er det mykje folk og har ei anna atmosfære enn her på Kaupanger. Eg likar meg godt her.

Heilt til slutt, veit du kva FUS betyr?

Har fått det forklart ja.