Bli kjend med FUSarane: Misha Mishin i ODA

Frå Moskva til Finland og Oslo, så vidare til Sogndal. Micha har vore FUSar ein gong tidlegare, då han tok turen i april 2022. Det gav meirsmak og han er no tilbake i Sogndal i nokre månadar for å dyrke friluftslivinteressa samstundes som han jobbar som dataingeniør.

Kven er du?

Eg er ein 28 år gamal mann som opprinneleg kjem frå Moskva i Russland. Eg har ikkje budd der på mange år sidan eg valdte å flytte til Finland for å studere. Der budde eg i fire-fem år medan eg tok mastergrad. Eg lærte å snakke litt finsk, men det er eit veldig vanskeleg språk som ikkje liknar noko anna. Eg flytta frå Finland til Oslo, kor eg no bur og jobbar i ODA.

Kva jobbar du med?

Eg er dataingeniør i ODA, her har eg jobba i 1,5 år. ODA er Noregs største matbutikk på nett, og tilbyr heimlevering av varar. Min jobb som dataingeniør er å bygge dataplattformen som utviklarane seinare kan jobbe vidare med.

Korleis havna du i Sogndal?

Eg er veldig glad i natur, sport og friluftsliv. Eg klatrar mykje, og då er Sogndal ein veldig fin plass å vere! Så langt har eg klatra litt på Kvam, der er det mykje kjekt! I tillegg så kjende eg allereie ein som jobbar for ODA og sitt på FUS her i Sogndal. Så då var det enkelt å komme ein tur for å utforske området og kva det har å by på. Eg har lyst til å stå meir på ski, men har ikkje fått gjort det så mykje enda.

Kvifor veljer du FUS framfor å sitte på heimekontor?

Det er veldig kjekt å ha eit fellesskap og eit godt arbeidsmiljø rundt deg. Det er mykje bedre å ha gode, ergonomiske arbeidsfasilitetar, framfor å sitte aleine ved eit kjøkkenbord i ei eller anna utleigeleilighet. Her på FUS har eg alt dette, eg likar meg veldig godt!