Back to All Events

Innovasjon og nyskaping

Torsdag 28.juni 2018 - 16:00 - 19:00

Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss i samarbeid med Sparebanken Vest og Ekstremsportveko har gleda av å invitera FUS til sommaravslutning for Last Tuesday. Det vert eit arrangement med spennande føredrag og påfølgjande middag.

Tema
Innovasjon og nyskaping

Program
BMX-SHOW (15.00 – 15.40)
FAGLEG (16.00 – 17.30)
MIDDAG (17.30 – 19.00)

Didrik Dimmen – FlowMotion
Didrik fra FlowMotion kjem for å fortelja om deira spennande reise frå ein ide til internasjonal suksess. Med omtale i Forbes og viral etterpurnad så er dette ei unik historie.

Rune Smistad – NCE Media – Opplevingsteknologi i praksis
Eit samarbeidsprosjekt mellom NCE Media og NCE Tourism. Teknologi frå tryggleiksløysingar er tatt i bruk for å auka tryggleiken og betre opplevingane i naturbasert reiseliv. Eit testprosjekt på Vidden i Bergen. V/Rune Smistad, prosjektutviklar NCE Media.

Asgeir Løno – Sparebanken Vest – Fintech frå Vestlandet
Korleis kan ein lokalbank møta konkurranse frå store internasjonale konkurrentar?

Accel Explore
Accel Explore er eit intensivt program for nye og etablerte verksemder som jobbar med opplevingsturisme med fokus på teneste- og produktutvikling. Deltakarane frå årets program har jobba hardt i 6 månader og skal her fortelja om sine verksemder.

Last Tuesday avsluttar etter middag kl 19.00. For dykk som ynskjer å bli med vidare så kan Veko tilby dagsbillett til ein svært god pris for medlemmer. Det vil då vera anledning til å mingla vidare i teltet. Utover kvelden vert det Dagens video og konsertar med Amanda Delara, Datarock og KREAM, i regi av Ekstremsportsveko.

Last Tuesday (ikkje medl.): kr 800,-
Last Tuesday (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 400,- (FUS-medlemmar får dette tilbodet).
Last Tuesday + Dagspass Torsdag (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 1000,-

Påmeldingsfrist innan tysdag 26 Juni. For billetter, klikk på “Tickets” lenger oppe på siden.

Meir informasjon og billettar.
Meir informasjon om Næringshagen.

Meir informasjon om Destinasjon Voss

Earlier Event: June 27
Nakketrening