Om

arbeidfellesskapet FUS

Grunder sitter i stol og leser

Kva er FUS?

FUS er det distribuerte saumlause arbeidsfellesskapet i Sogn. Ordet FUS står for Fellesskap og Utvikling i Sogn

Eventyret starta på Campus i Sogndal der etablert næringsliv, gründerar, fotballklubb, utdanning, forsking og verkemiddelapparat fann saman for å skape arbeidsplassar for framtida. No nyttar næringsliv, kommunar og Sogn Næring same modellen for å etablere arbeidsfellesskap over heile Sogn.

FUS skal vere ein møteplass i lokalsamfunnet med regelmessige faglege- og sosiale arrangement, og sjølvsagt alt du forventer av kontorfasilitetar og møterom. I retur ønskjer vi at DU deltek i fellesskapet. Er du med?

Oversiktsbilde av grunderkontoret

Kva får du?

- Kontorplass i nye, flotte kontorlandskap
- Tilgang til møterom og stillerom i ulike storleikar
- Pauserom og/eller kantine
- Mingleplassar og anna felles areal
- Wifi og skrivar
- Kurs, arrangement og nettverksaktivitetar
- Spennande kolleger og naboverksemder
- Kaffi

Bilde inn på møterom

Gründer

FUS ønskjer saman med næringslivet og kommunane i Sogn å gjere det enkelt å starte eiga bedrift. Vi tilbyr gode rabattar og tett oppfølging til oppstartsbedrifter.

Fellesskapet FuS skal gjere medlemmane i stand til å bygge og selje produktet sitt. Støtte, oppstartkapital, introduksjon til potensielle kundar og rådgjevnad skal hjelpa deg med å få gjort dette raskare. FUS vil hjelpe deg å vekse fort og effektivt!

Brygge med folk som bader i fjorden

ta med deg jobben

Treng du å komma deg litt vekk? Ta med deg PC, skiutstyr og koffert med klede til Sognefjorden. Eller ta med deg heile flyttelasset. "Ute til lunsj" får ei heilt ny betyding.

Ifølge ei undersøking oppgir dei fleste arbeidstakarane som jobba heimanfrå i ein periode at dei er meir effektive og jobbar meir konsentrert. Dei fann og ein god balanse mellom fritid og jobb, dei er mindre sjuke og stressa, og arbeidsgivaren sparer ein god del på kontorfasilitetar. Kjelde: Visit Norway

I Sognefjorden har vi alt du treng: leige av kontor eller møterom til deg eller prosjektgruppa di, overnatting, mat & drikke og aktivitetar som passar alle. Ta gjerne med deg familien din på tur, dei fleste likar å utforska nye plassar.

Naturbilde med fjell og isbre

ELEV ELLER STUDENT?

Legge studiene til Sogn? Vi har både høgskule, 4 vidaregåande skular og ein folkehøgskule. Vil du studere ved ein annan institusjon, men bu i Sogn? FUS er plassen for deg!