Sparebanken Sogn og Fjordane gjev gåve på kr 100 000 til FUS

Gir gåve til nystarta senter - skal gjera det enklare for gründerar å starta opp bedrift

Gründersenteret i Sogndal får midlar til å veksa vidare.

20180621 Sjekk.jpg

- Gåva er eit viktig bidrag, spesielt no i startfasen, seier dagleg leiar i FUS, Lisbeth Bringebøen.

Gründersenteret i Sogndal, FUS, vart etablert hausten 2017 og er samlokalisert med Innovasjon Norge og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. FUS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal.

- Felleskap

- FUS skal gjera det enklare for gründerar å starta opp ei bedrift. Fellesskapet vårt skal gjera medlemmane i stand til å byggja og selja produktet sitt. Støtte, oppstartkapital, introduksjon til potensielle kundar og rådgjeving skal hjelpa dei med å få gjort dette raskare enn om dei satt kvar for seg, fortel leiar av Grunder-senteret, Lisbeth Bringebøen.

Sparebanken Sogn og Fjordane gjev 100.000 av sitt overskot til dette prosjektet via eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som fordeler gåvemidlane. Onsdag ettermiddag vart sjekken overrekt til Bringebøen av Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for Bedriftsmarknad i Sogndal, Jan Petter Vadheim, går det fram av ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

- Gründersenteret er ein viktig utviklingsarena for gründarar i Sogn og Fjordane, der både eit fagleg og sosialt miljø. Gründersenteret tilbyr alt det som er viktig i når ein er i ein startfase, og me er stolte over å kunne få bidra til dette miljøet. Gode idear er viktig for fylket. Me har mange historier om grunderar frå Sogn og Fjordane med suksess. Med gåva håpar me å bidra til at kontorfellesskapet utviklar seg vidare og at fleire grunderar får vind i segla med oppstartsbedrifta si, seier banksjef for BM i Sogndal, Jan Petter Vadheim.

- Handlar om å vere aktiv i starten

Bringebøen er glad for bidraget, og meiner ei slik gåve er eit ekstra viktig no i startfasen.

- FUS treng å vera spesielt aktiv i starten - noko som er ressurskrevjande, både i tid og økonomi. Gåva er også med å gi inspirasjon til arbeidet med grunderar spesielt - og næringsutvikling generelt.

Guest User