Etablerarkurs i Sogndal 1. november

Tid og stad: 8.nov, Quality Hotel Sogndal -

Kun 8 påmeldte så langt - grip sjansen og meld dykk på! Kurset er på 3 samlingar i november, alle utanfor ordinær arbeidstid.

The Lean Startup

Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.

Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kvar deltakar får tilbod om individuell oppfølging.

Gratis kurs

Kursa er utvikla av Innovasjon Norge og fylkeskommunen i samband med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, næringsselskap og kommunar, og kostar ingenting for deltakarane! Deltakarar vil få lett servering på alle samlingane, og overnatting med middag og frukost på samling tre. 

Innhaldet på samlingane kan du lese meir om her.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kursleiar, Bjørn Bratt, bjorn.bratt@len.no, eller arrangør: ingvild.andersen@sfj.no

Kurset går over tre samlingar på Quality Hotel Sogndal:

  • 1.november frå kl. 17-21

  • 8.november frå kl. 17-21

  • Frå 23.november kl. 17-21 til 24.november kl. 8-12

Foto: Driftig.no

Foto: Driftig.no

Guest User