Bli MEDLEM

Leig kontorplass og få tilgang til nettverket av gründerbedrifter og etablert næringsliv

Grunderkontoret_Campus_1412.jpg

FUS Sogn er ein samanhengande struktur av kontorfellesskap i heile Sogn. Som medlem kan du velge å sitte fast på ein lokasjon eller du kan leige drop-in plass for ein dag eller ei lengre periode. Driver du med gjennbruk tilbyr vi også ein plass på Omatte i Sogndal.

Prisar kontorplass

FUS består av eit nettverk av bedrifter frå gründermiljø og etablert næringsliv. Det er faste prisar for etablert næringsliv. Prisane under er våre standard tilbod, om du har bruk for andre løysingar, eller de er ei verksemd som treng fleire plassar kan vi skreddersy eit tilbod tilpassa dine behov. Ta kontakt, så finn vi ei løysing på dine kontorbehov.

Pris for Gründerar

Gründerbedrifter i tidleg fase får tilbod om redusert husleige, der prisen aukar gradvis.

Første 3 månadar er prisen 500,- per mnd
3 til 7 månadar er prisen 1000,- pr mnd
7 til 13 månadar er prisen 2000,- pr. mnd
Etter 13 mnd blir prisen 2700.- pr. mnd

Ordninga gjeld for maks tre år. Etter dette stig prisen til 3999. (Alle prisar er eks. mva)

Fus tilbyr gründerplasser på alle lokasjonar

Ta kontakt med oss om du har ein god idé og treng ein plass å sitte!


Leige

av møterom

To personer inne på møterom

Treng du møterom?

Du må ha kontorplassavtale for å få tilgang til møteromma.

- Små/mellomstore møterom for 2-8 pers.
- 5 møterom tilgjengeleg.
- 2 mingelplassar tilgjengeleg.
- Enkel tilkobling til skjerm og trådløst nett.
- Nettbasert bookingsystem.
- Kaffebar veggivegg. Kan førehandsbestille lunsj/kaffi.