Filtering by: Sognefjorden Næringshage
Styrekurs i Sogndal
Apr
10
8:00 AM08:00

Styrekurs i Sogndal

Tid og stad: 10. april, Campus Sogndal -

Lær meir om godt styrearbeid og god bedriftsutvikling med Rolf-Erik Disch frå Deloitte.

Det er hyggeleg for oss i Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og FUS å ønskje velkomen til heildags styrekurs onsdag 10. april 2019 på Campus Sogndal.

Målgruppe:

Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.

Fokus på kurset:

  • Godt styrearbeid - god bedriftsutvikling.

  • Rolleavklaring, kva representerer me og kva skal me jobbe for?

  • Kommunikasjon, lojalitet og teieplikt. Korleis representerer vi selskapet utanfor styrerommet?

  • Lovverk: rettar og plikter

  • Innspel frå deltakarane

Kursbevis vert delt ut etter kurset.

Pris

Pris per deltakar er kr. 2.500,- + mva.

Bedrifter knytt til FUS og målbedrifter i Sognefjorden Næringshage betalar kr. 1.000,- + mva for inntil 2 deltakarar.

Inkubatorbedrifter knytt til KPSF deltek til sterk redusert pris, og betalar kun kr. 675,- + mva for inntil 2 deltakarar.

Prisen inkluderer kurs, materiell og lunsj.

Program for dagen

08:30 Kaffi og mingling

09:00 Kursstart

11:30 Lunsj

15:00 Oppsummering

Etter kurset er det mogeleg for deltakarane å melde seg på ”Frå idé til marknad” i regi av Innovasjon Norge. Les meir her.

Kurshaldarar

Rolf-Erik Disch frå Deloitte er kurshaldar. I tillegg stiller Anne Britt Hjelmeseter og Gunn Irene Sviggum Bruheim frå Deloitte i Sogndal.

Målgruppe:

Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.

Påmelding:

Innan 15. mars til torgeir@sognnaring.no. Avgrensa tal plassar - førstemann til mølla.

View Event →

Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur til Lofoten
Oct
14
to Oct 17

Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur til Lofoten

Tid og stad: 14.-17. okt, Lofoten

Sognefjorden Næringshage, EMBLA-nettverket og prosjektet ”Verdiskaping  økosystemtenester” inviterer deg med til Lofoten. Tema for turen er voksesmerter, felles utfordringar, mogelegheiter og løysingar. Dei siste deltaljane for turen kjem på plass
i slutten av august, men kan love eit variert program der me møter kommuneleiing, destinasjonselskap og ulike verksemder. Det vert tid til aktivitet, nettverksbygging og sosialt samvær!

Meir informasjon på nettsidene til Sognefjorden Næringshage.

Velkomen til inspirerande tur der fagleg påfyll og nettverksbygging er sentralt. Meld deg på, og bli med oss. Totalt har me 15 plassar, så førstemann til mølla!

Bindande påmelding til post@sognefjordennh.no

FuS er målbedrift i næringshagen og har to plassar tilgjengeleg for leigetakarne i FuS til målbedriftspris, kr 9 000.  Ta kontakt med post@fussogn.no for meir informasjon.

 

Skjermbilde 2018-08-27 kl. 14.29.10.png
View Event →
Salskurs med komersiell coach
Oct
2
10:00 AM10:00

Salskurs med komersiell coach

Skjermbilde 2018-08-24 kl. 15.07.17.png

Tid og stad: 02.10, Sogndal Campus -

I samarbeid med GOSH pgp, arrangerer Sogndal Fotball salskurs i regi av kommersiell coach Richard Jacobsen. Dei arrangerte dette salskurset også i fjor med stor suksess. No håper dei at alle interesserte som ikkje kune vere med då, har mogelegheit til å vere med no!

Dette er sal, og slik gjer du det!

- Eg jobbar som heilskapleg "kommersiell terapeut" , og mitt kurs i Sogndal vil dreie seg om operativt, taktisk og strategisk sal, seier Jacobsen.

Korleis handterar ein innvendingar frå kunden, og korleis best formidle produktet ein skal selje?

På salskurset vil Richard ta tak i reelle problemstillingar, og gje deg verktøy på korleis best utvikle din formidlingsevne. Me vil gjennomføre praktisk trening, og slik vil ein raskt oppnå resultater.

Richard er fri for Powerpointer og veldig "to-the-point". 

PRIS: 800kr pr. pers | Sponsorbedrifter 600 kr pr. pers  | Leigetakarar på Fosshaugane Campus 600 kr pr. pers

For meir informasjon og påmelding www.sogndalfotball.com

Kapasitet: 40 plassar

Stao no pao!

View Event →
Innovasjon Noreg inviterer til "Frå ide til marknad"
Sep
20
5:00 PM17:00

Innovasjon Noreg inviterer til "Frå ide til marknad"

Tid og stad: 20.09.19, 2. etg. Innovasjonsbygget

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

 Innovasjon Noreg vil gå gjennom
- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. 

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter, såkalla speed dates.

Påmelding og meir informasjon.

Forretningsmodellering
Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.

LEAN Start-up (smidig oppstart)
Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar.
Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg  nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Les meir tilskot til gründerar.

Nettverk og kompetanse
Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

View Event →
Bedriftspresentasjon: Azets
Sep
19
11:15 AM11:15

Bedriftspresentasjon: Azets

Tid og stad: 22.09, 2. etg. innovasjonsbygget -

Ein kvardag med oversikt og kontroll på tala

Bedriftspresentasjonen vert halden av Vegard Gurvin og Reidun Fimreite Kleiven.

Bli meir effektiv og få betre oversikt ved å la Azets regnskapsførar i Sogn hjelpe deg med regnskap og løn. Azets har kontor i Sogndal, Leikanger, Høyanger og Øvre Årdal og er godt kjent med det lokale næringslivet og har i mange år levert tjenester til verksemder i Sogn.

  • Spar tid og få betre oversikt over tala.

  • Ver trygg på at du har eit korrekt regnskap og at lønskøyringane er riktig.

  • Få gode råd frå regnskapsføraren slik at du tar rette økonomiske slutninger.

Azets lønnskonsulenter og regnskapsførere i Sogn kombinerer sin erfaring med dine regnskapsdata for å gi deg dei beste råda. Med nettbaserte løysinger fungerer samarbeidet enkelt og du får lett oversikt i ein travel kvardag.

View Event →
TV-aksjonen: Utanforskap
Sep
10
3:00 PM15:00

TV-aksjonen: Utanforskap

Tid og stad: 10.09, 2. etg Innovasjonsbygget

Vibecke Østby, leiar i TV-aksjonen, og Eiel Holten, avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, kjem til Sogn og Fjordane for å informere om aksjonen. Tema i år er utanforskap. Det råkar folk i alle aldrar og miljø; også i trivselsfylket vårt. Målet er å gjere Noreg til eit meir inkluderande og varmt samfunn - for alle.

Bli med og finn ut kva di bedrift eller organisasjon kan bidra med. Det er mange måtar å engasjere dykk på: Gje bidrag, starte kreative innsamlingsaktivitetar, verve bøsseberarar etc. Det er berre fantasien som avgrensar.

Sogndal: Måndag kl. 15.00 - 16.00 i 2. etasje i Innovasjonsbygget på Campus. Kaffi & noko attåt.

Gje eit signal til fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø 
Tel.  +47 95 86 17 76sognogfjordane@tvaksjonen.no - seinast søndag kl. 16.00 - om du kan kome.

Skjermbilde 2018-09-06 kl. 09.26.27.png
View Event →