Back to All Events

På sparket med Sognefjord Kaffibrenneri

Tid og stad: 18. okt, 2. etg. innovasjonsbygget -

Kjenner du til Sognefjord kaffibrenneri? Visste du at dei allereie har hevda seg i verdstoppen?

Heilt sinnsjult å kapre 3 (!). plass i utruleg jamn konkurransen, blant mange av verdas dyktigaste. Å komme inn som 3. beste brenneri etter kun 18 månadar i gamet er nok eit sjokk for mange. - Kjetil Russenes etter prestisjetunge Nordic Roast Forum 2018

Kjetil Russenes kjem til FuS for å halde ein på-sparket-presentasjon og vil fortelje om reisa si så langt med etablering og drift av Sognefjord kaffibrenneri med fokus på utfordringar nett no! Er utfordringa etter halvanna år distribusjonskanalar for auka sal, eller er det nettverk med andre lokalmatprodusentar? Eller handlar alt om å auke kvaliteten på kaffien? Og å bygge merkevara Sognefjord kaffibrenneri nettopp gjennom å vinne prestisjetunge prisar?

Vi gledar oss til å Kjetil kjem - alle er velkomne til å delta!

Les meir om bedrifta og produkta på Sognefjord kaffibrenneri si nettside.

Skjermbilde 2018-09-25 kl. 13.00.55.png
Earlier Event: October 18
Statsbudsjettet - Deloitte